E.M. skriver
Då eg var med AFS i Costa Rica var eg hos ein familie som ikkje visste at eg kom, sonen i familien hadde søkt om vertssøsken for å lere engelsk. Då eg ikkje ville vere gratislerar for han, heiv dei meg ut. Eg havne deretter i ein identisk situasjon i ein anna familie. Den gonga lerte eg vertsfaren engelsk, og vi hadde de tkjekt til han var ferdig på kurset han tok – då var det slutt på all kommunikasjon med meg, eg fekk ikkje mat og dei låste meg ute av huset fleire gongar.
Allikevel anbefalar eg å reise på utveksling, men ein skal vere førebudd på mykje rart og sørge for å ha sjansen til hjelp frå andre.